top of page

Toppliste: 5 sommarturar på enkle 2000-toppar


Når ein har trava rundt i 2000-meterland gjer ein seg opp nokre meiningar om kva toppar ein vil attende til og kva perler som er å anbefala for andre. Så her er nokre lister over mine favorittar.


Merk at ein topptur blir sterkt prega av dagsform, vêr og tilhøve, så dette er i høgste grad subjektivt. I tillegg prøver eg å tilgodesjå dei litt mindre kjende toppane ein tanke, sjølv om mange av klassikarane er uunngåelege å ta med. For detaljerte ruteskildringar og gode kart anbefalar eg bøkene Norges fjelltopper over 2000 meter på det varmaste.


Me startar med mine fem favorittar som kan klassifiserast som (relativt) enkle sommarturar – nummer ein er altså den eg likar best:


5. Austre Leirungstind

Austre Leirungstind vart kapra ein litt halvgrå dag på seinsommaren 2018
Austre Leirungstind vart kapra ein litt halvgrå dag på seinsommaren 2018

Leirungsdalen på Valdresflye er ein aldeles nydeleg dal, lett tilgjengeleg frå påske fram tilfjell overgangen stengjer, normalt rundt juletider.


Ausre Leirungstind stikk forlokkande opp som ein pyramide alt når ein startar frå Valdresflyvegen. Dette er ikkje noko hokus pokus – ein går inn Leurungsdalen og tek seg opp flanken eller ryggen som vender mot dalen. Sørryggen kan sjå bratt ut, men dette er veldig kurant. Det skal vera noko småklyving, men det er så minimalt at eg eigentleg ikkje hugsar det.


På toppen får ein flott utsyn mot Knutsholstindane og fleire av dei andre vakre tindane rundt Svartdalen. Ein kan også gjera ein rundtur av det ved å gå nedatt via Skarvflyløyfttind og eventuelt svinga bortom Søre Skarvflytind, men det blir eit vesentleg større prosjekt og det er ikkje veldig spennande borte i Skarvfly-området, så om ein ikkje sankar toppar ser eg ikkje heilt poenget.


Det er ein god dagstur i seg sjølv på Austre Leirungstind, så slik sett ikkje av dei enklaste enklare toppane, men brukbart trente folk med litt fjellerfaring tek denne utan problem.


4. Kyrkja

Ingen tvil om kvar ein skal gå opp på Kyrkja - her var eg sommaren 2016
Ingen tvil om kvar ein skal gå opp på Kyrkja - her var eg sommaren 2016

Den første klassikaren kjem nesten med ei gong. Kyrkja er så særprega, ligg så fint til og er ein så kort og likevel spennande tur at den er vanskeleg å koma utom.


Frå finfine Leirvassbu går ein slakt til Kyrkjeoksle og så søreggen til topps. Eit artig, lite klyvepunkt er det – her kan ein også gå rundt på vestsida, utan at det er nokon grunn til å gjera det. Sidan Kyrkja berre så vidt strekkjer seg over 2000 moh ser ein ikkje frykteleg langt, men det er mange fine toppar å kika på i nærområdet frå toppunktet likevel.


Det er berre snakk om 600 høgdemeter stigning frå Leirvassbu, noko som gjer Kyrkja til ein av toppane med færrast høgdemeter ein må ta for å koma seg til topps



3. Semeltinden

Semeltinden er majestetisk frå Storådalen - toppstøytet her var sommaren 2021
Semeltinden er majestetisk frå Storådalen - toppstøytet her var sommaren 2021

Dette er ein topp ein sjeldan høyrer om – merkeleg nok. Rett nok ligg den litt midt i mellom fleire turisthytter, så det blir ein god tur uansett kvar ein startar. Kortast er det frå Gjendebu, men dit må ein ta båt – ein kan også gå frå Leirvassbu eller Spiterstulen, og då er det ein ganske lang dagstur.


Eg gjekk frå Gjendebu, og det er veldig fint inn Storådalen til Hellertjønne – her er det skikkeleg idyllisk.

Til topps er det for så vidt ei lang ur, men det er det no til dei aller fleste toppar i denne høgda, og dette er av dei betre.


Semeltinden er relativt høg i høve kringliggjande toppar, ligg også ganske fritt midt i Jotunheimen, så utsikta her er aldeles praktfull. Det er også murt opp ein slags teltplass på toppen.


2. Mjølkedalstinden

Flott kveldslys over Mjølkedalstinden dagen før eg gjekk opp dit på tampen av august 2018; snøen hadde lagt seg i høgda.
Flott kveldslys over Mjølkedalstinden dagen før eg gjekk opp dit på tampen av august 2018; snøen hadde lagt seg i høgda.

Også ein topp det er langt til frå næraste parkeringsplass, men Olavsbu ligg nesten ved foten av Mjølkedalstinden. Så det er supert å kombinera ein topptur hit med ei overnatting på den største sjølvbetjente DNT-hytta i Jotunheimen.


Første etappe er opp ein litt bratt flanke med ein del moreneaktig grunn, så akkurat den biten er ikkje all verda. Men så blir det artig klyving opp på ryggen – eg tykte dette var veldig kurant, men den danske hyttevakta på Olavsbu sa han hadde snudd to gonger (han var no også danske). Likevel vil eg påstå at har ein litt erfaring med klyving er ikkje dette noko sak, men ein skal vera nøye med å følgja vardinga på dette punktet – det går litt på kryss og tvers.


Oppe på ryggen er det heilt nydeleg – ein smal, men veldig flott, kort rygg ut til toppunktet, med eit lite hakk som krydrar det heile. Så er det eit skikkeleg toppunkt også, med ein bratt rygg ned mot Øvre Mjølkedalen. Sett frå den sida er forresten Mjølkedalstinden eit majestetisk skue.


Dette er nok den mest tekniske av toppane som er nemnd i denne bolken, men altså så kurant at dei fleste får det fint til – og sjølv om turen er kort frå Olavsbu er det variert terreng, så i motsetnad til mange andre toppar blir det aldri monotont.


1.Store Soleiebotntind

Turen på Store og Søre Soleiebotntind var siste turen i 2016, då eg starta på prosjektet; her kunne eg notera meg for topp nummer 74 og 75 dette året, kombinert med litt promoarbeid for bokprosjektet.
Turen på Store og Søre Soleiebotntind var siste turen i 2016, då eg starta på prosjektet; her kunne eg notera meg for topp nummer 74 og 75 dette året, kombinert med litt promoarbeid for bokprosjektet.

Dette er den heilt klart enklaste toppen i Hurrungane – mitt paradis – og den enklaste toppen av dei nemnde her. Turen er på kring 800 høgdemeter og det er ein rusletur i ur, ganske enkelt.


Det høyrest ikkje så spennande ut, kanskje, men det er såpass lettgått og fint at ein berre nyt (eg gjorde i alle fall det). Så er det jo utsikta som fører Store Soleiebotntind øvst på lista då – sidan denne ligg heilt, heilt vest i Jotunheimen får ein heile Hurrungane i eitt sveip med blikket, pluss at ein ser ein del tindar rundt Smørstabbreen baki der. Og den «premien» etter ein så enkel tur får ein knapt nokon annan plass i heile dette tindemekkaet.


Det er forresten ein artig avsikkar bort på Søre Soleiebotntind også – noko småklyving ned i skaret og ein tidvis smal rygg bortover, men det var heilt spesielt å få både Austabotntindane og Store Ringstind så tett på og skytande opp over ein, at eg vil anbefala den ekstrarunden om ein har tid, ork og lyst.


Parallelt med tindesamlinga har eg skrive ein krimtrilogi med handling frå Jotunheimen og Sogn. Les meir om bøkene og eventuelt bestill ved å trykka her.



Comments


Utvalgt innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page